Kyrkjeverje
Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har ledig 100 % stilling som kyrkjeverje.
Fellesrådet er teneste- og forvaltningsorganet for Den norske kyrkja sine 4 sokn innan Øystre Slidre kommune, som ligg i Valdres prosti og Hamar bispedøme.
Vi ynskjer å representere ei tenande og open folkekyrkje som er til stades i livet til medlemmane – og som er ein aktiv medspelar i offentleg og frivillig arbeid for lokalsamfunnet.
Fellesrådet står for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer – av desse ei stavkyrkje – og 4 gravplassar. Rådet tek i vare dei overordna administrative og økonomiske oppgåvene for dei lokale sokna til Den norske kyrkja, og samarbeidet med den kommunale forvaltninga.
Kyrkjeverje er dagleg leiar for denne verksemda og for 9 tilsette ca. 3 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av fellesrådet si verksemd
- Personalansvar, mellom dette rekruttering og utvikling
- Planlegging og økonomistyring
- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar
- Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
- Kontakt med og rapportering til offentlege myndigheiter
Ønskelege kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning
- Fortrinnsvis leiarerfaring og god økonomi- og datakunnskap
- Innsikt i, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd og kjennskap til kyrkja som organisasjon
- God kjennskap til offentleg forvaltning
- Gode evner til kommunikasjon, motivasjon og samarbeid
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Vi tilbyr
- Løn etter avtale. Tilsetting og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, føresegner og avtalar innan KA sitt tariffområde.
- Pensjonsordning i KLP
- Kontor og eit godt arbeidsmiljø i kommunehuset på Tingvang, Heggenes
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Anne Nora Alund tlf. 951 53 267 eller fellesrådsleiar Sissel Rogne tlf.905 31 914
Søknad
Sendast til: Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, eller e-post post.oystreslidre@kyrkja.no , innan 12.juli 2019